Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Surnadal folkebibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Folk er ulike og biblioteket har tilbod også til brukarar med spesielle behov.

Leseløve
Leseløve

Personer med lesevanskar

Biblioteket har lettleste bøker både for barn og vaksne. Lettlestbøker for barn og unge brukast av dei aller fleste barn, ikkje berre lesesvake. Bøkene er spesielt godt egna for de som slit med å lese, bøkene er kortare og språket enklare, avsnitt og kapitler er kortare enn i vanlege bøker. Innhaldet er ofte tilpassa lesernes alder og utvikling. Bøkene oppleves ikkje barnslege og kjedelege sjølv om språket er enklare.

Lettleste bøker for vaksne er av to kategoriar.  Nokre har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er spesielt tilpassa på nokon måte. Andre bøker har både enkelt språk og enkelt innhald, slik at bøkene er egna for psykisk utviklingshemma.

Ida snekkerbua

 

Personar med syns- og hørselshemming

Biblioteket har lydbøker for både barn og vaksne.

Hundreåringen

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har eit stort utval av lydbøker og punktskriftbøker til utlån.

 

Bøker på andre språk

Vi har ei bra samling med engelske bøker, og nokre på tysk, fransk og spansk. Bøker på språk vi ikkje har, kan vi bestille inn frå Deichmanske bibliotek som har ei stor samling på mange språk, mellom anna på russisk.

Phantom nesbø

Du kan sjølv søke opp bøker på Deichmanske - det flerspåklige bibliotek, og ta med bokønska dine til oss, så bestiller vi til deg. Her kan du søke på til døme språk: russisk og brukernivå - barn. Då vil du få ei liste over alle bøkene dei har på russisk for barn.