Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Surnadal folkebibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

 I lokalsamlinga i biblioteket kan du finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Surnadal. T.d. vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar og om personar frå Surnadal, slektshistorie og gardshistorie. Vi har lokalavisa Driva tilbake til 1980 på papir.

Vi har bygdebøkene for Aure, Averøy, Eide, Frei, Gjemnes, Halsa, Hemne, Meldal, Oppdal, Rindal, Smøla, Stemshaug, Straumsnes, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Todalen, Tustna og Åsskard.

Bibliotekets fotosamling er søkbar på Fylkesfotoarkivet.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Surnadal. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

Gulla gård