Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Historikk

Kort historisk tilbakeblikk

Sofakroken

Den første boksamlinga i Surnadal og dåverande Stangvik kommune vart etablert rundt 1840. "Surendalens Almuebibliotek" vart etablert av presten Finkenhagen med ei pengegåve på 50 spesidaler og 24 bøker frå eiga private samling. I 1851 kom det første statsbidraget på 25 spesidaler slik at ein etter kvart hadde ein bokstamme på eit par hundre bøker.

Etter kvart vaks det fram leseforeiningar ute i kyrkjesokna som seinare danna grunnlaget til folkeboksamlingane. I Surnadal fekk ein folkeboksamlingane: Øye/Ranes og Mo. I Stangvik: Stangvik, Todalen, Årnes og Åsskard.

Folkeboksamingane i grendene har stort sett vore lokalisert i skulebygningar dei seinare åra. Øye og Ranes sokn folkeboksamling vart hovudbibliotek i Surnadal etter omorganiseringa av bibliotekverksemda i kommunane. Biblioteket har vore lokalisert på Ranes i Finkenhagens si tid, på Skei i 3. etasje i det nye kommuneuset på 1960-talet. Seinare då kommunehuset fekk sitt første påbygg, vart biblioteket flytta ned i 1. etasje i 1978. Då den tidligare ullstasjonen til Bøndernes Salgslag vart ledig etter at Felleskjøpet hadde hatt butikk der nokre år, vart huset ominnredd til bibliotek i 2 etasjar og teke i bruk i 1989.

I 2002 fikk biblioteket nye lokaler i 2. etasje i Surnadal kulturhus. Lokala er på 519 m2. I tillegg har ein eit fjernmagasin i underetasjen på kulturhuset på ca. 40 m2.

Når det gjeld etablering av skulebibliotek i kommunen, er det lite informasjon å finne om det.

Surnadal folkebibliotek består i dag av eit hovedbibliotek på kulturhuset på Skei og ein filial i Todalen lokalisert ved Todalen oppvekstsenter. Etter at alle dei andre filialene vart lagt ned på 1990-talet, dekker hovedbiblioteket bibliotektilbudet i resten av kommunen. Etter at filialen i Stangvik vart lagt ned, var det ei stund bibliotekverksemd på privat basis i Bondhuset.

Grunnskulane har etter lova bibliotek lokalisert ved oppvekstsentra Mo, Stangvik, Todalen, Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, Øye skule og Surnadal ungdomsskule.

Andre ikkje kommunale bibliotek finn ein ved Surnadal Vidaregåande Skule og Nordmøre Folkehøgskule.

I Bøfjorden får dei besøk av bokbåten Epos 2 gonger i året. Båten har med bøker frå fylkesbiblioteket til låns og har underholdning for barna om bord.

Kontakt:
47 68 07 97

E-post:
biblioteket@surnadal.kommune.no

 Besøk vår facebook-side

Opningstider 1.mai-15. september:

Måndag-fredag 11-15

Meirope

Måndag-fredag:  8 - 20 når biblioteket er ubetjent

Laurdag: 11-15

Søndag:  13-20

Opningstider 15. september-1.mai:

Måndag-torsdag 11-16

Fredag 11-15