Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Gradvis opning av biblioteket

Gradvis opning av biblioteket

Gradvis opning av biblioteket

Frå tysdag 12. mai opnar Ulstein bibliotek gradvis for publikum. Vi gler oss til å sjå att lånarane våre!

I fyrste omgang vil vi ha reduserte opningstider og redusert tenestetilbod. Det vil berre vere eit avgrensa tal på besøkande om gongen, og det vil primært berre vere mogleg å låne og levere bøker. 

  • Måndag, tysdag og fredag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 11-18
  1. Personar som ikkje er friske/ har symptom på forkjøling har ikkje tilgang til biblioteket.
  2. Berre hovudinngangen skal nyttast.
  3. Ved inngangen vil det stå handsprit og alle må desinfisere hendene før dei kan gå inn i biblioteket.
  4. Det kan berre vere 10 lånarar i biblioteket samstundes.
  5. Hald avstand til tilsette og andre besøkande ( 1 – 2 meter).
  6. Vi oppmodar besøkande til å ikkje vere i biblioteket meir enn 15 minutt.
  7. Biblioteket er berre ope for utlån og innlevering. Alt utlån og innlevering skjer via automatane og innleveringshylla. Spør personale om du treng hjelp. 
  8. Berre den eine PC-en kopla til kopiering og utskrift vil vere tilgjengeleg
  9. Berre HC-toalettet vil vere tilgjengeleg for publikum.

Biblioteket vil ikkje ha tilbod om aviser, studieplassar, spel, leiker, PC-ar, arrangement, "meir-ope" eller møte. Fjernlån vil vere svært avgrensa, og ein må rekne med lang leveringstid.

Sist oppdatert 18. mai 2020

Del på facebook

Gradvis opning frå tysdag 12. mai: NB: kun 10 besøkande om gongen i maks eitt kvarter.

  • Måndag, tysdag og fredag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 11-18

Telefon: 70 01 02 95

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no