Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Vanylven folkebibliotek, Syvde > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert
Marie Lovise Widnes, fødd og oppvaksen i Syltedalen, er ein av dei mange forfattarane Vanylven har fostra.

Vanylven folkebibliotek har ei rikhaldig samling lokallitteratur

Samlinga inneheld bygdebøker, lokale forfattarar, dokument om stadnamn, sogehefter, ordsamlingar med meir.

Vi er blant anna stolte av den komplette samlinga av John Moen sine arbeid. Han skreiv og samla mykje viktig lokalhistorisk materiale, både om einskildpersonar, lag og grupper i området vårt. Ein lokalhistorisk skatt!

Samlinga inneheld desse titlane:

  • Folk eg møtte I-V
  • Kall og arbeid
  • Alma Halse, misjonær med kongens gull
  • Attersyn
  • Bureisarar og plassefolk
  • Helselaget Vårsol og kampen mot tæring
  • Egil Landsverk
  • Åleinemødrene og borna deira
  • Brudekransen - litt om Gerhard Fiskaa
  • Heim og helse
  • Gryta hennar mor, songar og vers
  • Sigurd Leikanger. Dikt og songar i utval
  • Jorynn Kjøde. Prologar, helsingar og dikt

Vanylven folkebibliotek si lokalhistoriske samling, inneheld også ei komplett samling av sogehefter utgjeve i Vanylven. Om du leitar etter ein særskild artikkel i eitt av sogehefta, no kalla Fotefar, finn du ei god oversikt her

 

Kommunen vår har fostra eit bemerkelsesverdig høgt antal forfattarar sett i samband med folketalet.På biblioteket finn du dei samla utgjevnadane til vanylvsforfattarane:

Lars Almklov. f.1932 i Vanylven, bur på Åheim.
Langs ferdavegen, dikt, 1987
Liv og landskap, dikt, 1990
Samla dikt, 2002

Marie Lovise Widnes f. 1930 i Vanylven, bur på Hareid.
Gangdøra og andre viser, 1958
Kvardagsdikt, 1979

Fragler – finst dei?, 1993

Målet hennar mor, ordsamling, 2001

Frå alle mine strenger, dikt, 2003

Ein glytt innom gangdøra, 2012

Jostein Krokvik, f. 1927, i Vanylven, budde i Krokvika. Døydde i 2007.
Fangevaktaren, 1969
Utgrend : polemisk grasrotroman, 1974
Fenrisulven (b.b.), 1976
Nett no, 1977
Åne smeller til (b.b.), 1977
Jenta i den gule kjolen (b.b.), 1978
Mistanken, (b.b.), 1979
Hovudet høgt, noveller, 1979
Benken ved alperosene, 1980
Opprør (b.b.), 1980
Den vesle fangen (b.b.), 1982
Den tøffe silkepus (b.b.), 1983
I grenseland (b.b.), 1986
Alt i alt, dikt, 1986
Det andre romet : noveller, 1987
Rømlings fotefar (b.b.), 1988
Det gåtefulle tårnhuset (b.b.), 1989
Galgiholm, 1990
Luftspeglingars brotstykke, dikt, 1994

Klokkevisaren, dikt, 2007

Anna Sandnes, f. 1903 i Vanylven, budde i Ålesund. Døydde i 1988.
Basta Bom (b.b.), 1963
Med levande lys, dikt, 1966
I einsemds skogar, dikt, 1967
Andlet i vatn, dikt, 1970
Ved fjøre sjø, dikt, 1973
Gneistar, dikt, 1977
Sol om kvelden, dikt, 1980

Bodil Magdalena Dyb, f. 1943 i Vanylven, bur i Oslo.
I villhagen, dikt, 1976
Solfangaren, dikt, 1978
I dette du rører ved, dikt, 1988

Øystein Vidnes, f. 1976 i Vanylven, bur i Høyanger.
Bondeforteljingar, 2002
Ekstasar, 2006

Maria Parr, f. 1981, i Vanylven, bur i Volda.
Vaffelhjarte-Lena og eg I Knert-Mathilde, (b.b.), 2005
Tonje Glimmerdal, (b.b.), 2009

Hilde Myklebust, f. 1979 i Vanylven, bur i Syltedalen.
Berre dagar seinare, dikt, 2005
Søkk, dikt, 2008
Jon og den lange julenatta, (b.b), 2009

Glødepunkt, roman, 2011

Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, dikt, 2012

Martin Baldysz, f. 1977 i Knarvik, bur i Syltedalen.

Vintertrang, roman, 2013

Opningstider Syvde

Mandag: 10 - 15

Tysdag:   13 - 18

Onsdag:  10 - 15

Torsdag:  13 - 18

Filialar

Kontakt

Tlf.: 70030420, Syvde

Epost: bibliotek@vanylven.kommune.no