Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Volda folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Låne frå biblioteket i koronatida

Låne frå biblioteket i koronatida

Låne frå biblioteket i koronatida

No kan du bestille og låne bøker og filmar frå biblioteket. Vi gjer klar og lånar ut, du hentar bokpakkane til avtalt tid utanfor biblioteket (klikk på bildet for meir info).

 

 

 

 

 

Korleis bestille? 

1.a.   Lagre denne websida https://orsta-volda-fb.mikromarc.no/Mikromarc3/web/search.aspx?db=orsta-volda-fb&Unit=6475&SC=FT&LB=FT&IN=0&SU=0&SW= på smarttelefonen eller nettbrettet ditt.
(du kan også gå via heimesida mr.biblioteket.no/volda)

         

2.      Logg deg inn med lånenummer og pin-kode for å søke opp og reservere bøker du vil låne.

Du kan også sende bestillinga di pr. e-post til biblioteket@volda.kommune.no. Hugs då å skrive namn og lånenummer i eposten.

 

Sidan biblioteka i Noreg ikkje sender bøker fram og tilbake mellom kvarandre for tida, er det berre bøker og filmar som Volda folkebibliotek eig du kan bestille via denne ordninga.

Når bøkene er klare for henting vil du få ein telefon eller e-post frå oss, slik at vi kan avtale tid for henting. Merk deg at du IKKJE kan kome og hente bøker utan å ta kontakt med oss først.  

 

Korleis hente? 

Bøkene kan hentast utanfor biblioteket til avtalt tid. Av omsyn til smittevern vil overlevering av bøkene skje på utsida av inngangsdøra.  

Bøker du allereie har, kan du ha heime inntil vidare. Dette for å avgrense smittefaren mest mogleg. Vi sender ikkje ut purringar så lenge biblioteket held stengt. Om du vil, kan du sjølv fornye låna dine når du har logga deg inn på heimesida vår.

 

Korleis kan du være trygg på at det du låner ikkje er smittefarleg? 

Bøkene og filmane vi sender ut er pakka av friske bibliotektilsette. Vi er spesielt opptatt av handvask og hygiene når vi behandlar det som skal ut til dykk lånarane, og vi tar alle hygieniske førebyggande tiltak når vi behandlar bestillingane og puttar dei i reine posar. 

Materiell som kjem tilbake via innleveringskassa vert sett i eige karantenesystem der dei får stå i romtemperatur i fire døgn. Den nyaste forskinga viser at covid-19-viruset berre overlever opp mot 24 timer på papir og maks tre døgn på plast ved 21-22 grader celsius. Du kan vere trygg på at ikkje noko av det som vert bestilt har vore utlånt dei siste ti dagane.

Del på facebook

Biblioteka opnar igjen i veke 20

Ope i Volda:

Måndag     12.00-19.00

Tysdag      12.00-19.00

Onsdag     12.00-16.00

Torsdag    12.00-19.00

 

Ope i Hornindal:

Onsdag 14.00-19.00

Kontakt:

70058850

biblioteket@volda.kommune.no